Lio Auto A/S historie

Kjetil Nilson Lio fødd 1862 gjekk i lære hjå den kjende smeden Steinar Turtedalen i Grytestøyl mellom Høydalsmo og Åmot. I 1892 starKjetil Lio i smia ved Liosvingen ca 1900ta han opp som smed i Veganlegget si smie i Liosvingen. Han fekk 2 søner, begge fekk navnet Nils. Den eldste, StorNils (f.1893) er den kjende knivsmeden. Den yngste, Nils K Lio dy (f.1907) flytte til Dalen i 1937 og starta Lio Auto i 1938. Nils hadde vore med far sin i smia i mange år og såg etterkvart som bilbruken auka at det blei behov for bilverkstad. I tillegg til å vere ein nevenyttig kar, tok han korrespondansekurs i Norsk og Praktisk Regning, Matematikk-Mekanikk og Maskinlære. Medan han budde i Liosvingen bygde han seg ein radio og grammofon. Han laga og 3 hardingfeler på den tida..

Slik såg den fyrste verkstaden til Nils Lio ut. Han sette den opp i 1938. Han selde Esso Bensin (Standard) som kom på fat med båt via Bandakkanalen. Det var plass til ein bil og ei smie. Han reiste fleire turar til Skien og kaupte bruka verkstadutstyr. Det var dreibenk, stor bormaskin, smergelskive og arbeidsbenk. Etter krigen auka oppdragsmengda kraftig og ny verkstad stod klar i 1948.

I 1948 stod den nye verkstaden klar. Slik såg den ut i 1952. Mykje bedre plass, smørjegrav ute og kranbil parat til å rykke ut. Under anleggstida på Tokkeverkene auka arbeidsmengda voldsomt. Det vart behov for meir plass, så endå ein ny verkstad blei planlagt i samråd med Esso.

I 1960 stod den nye verkstaden ferdig. Moderne Esso-bensinstasjon med smørjehall, vaskehall og god plass på verkstaden. Me kom med i Viking Redningstjeneste i 1962. På dette bildet er Dodgen nylakkera i Vikingfargar.


I 1992 blei butikken utvida kraftig, drivstofftankane blei skifta ut, pumpene blei flytta nærmare inngangen og det blei bygd tak over pumpene.
Dette bildet er av Lio Auto A/S i 2012.
Dette er eit bilde av Lio Auto A/S i 2014.
Etter over 75 år med Esso-bensin på tankane, valgte me å avslutte dette samarbeidet. 5 års kontrakt med YX-Betjent blei signert og omprofilering blei utført i starten av januar 2014.

I dag er det 2 søner og 2 barnebarn av Nils Lio som driv Lio Auto A/S. I tillegg til 6 mekanikerar og 11 butikkmedarbeiderar (2 av dei er oldebarn av Nils)
.
.
Her er Nils K. Lio dy (87 år) i eit intervju med Vest Telemark Lokal-TV i 1994:

Tips en venn

Lio Auto A/S

Storvegen 227
3880 Dalen

Tlf: 35077132
Fax: 35076154
E-post: post@lioauto.no
Web: www.lioauto.no




YX-Butikk Mobil: 902 47 002

Arnfinn Mobil: 901 68 264

Kjetil Mobil: 934 52 129

Nils Olav Mobil: 90 22 16 62

Jostein Mobil: 901 73 841